03 august 2010

Does God really know?

Enda meir samfunnsengasjement frå Hanne, 10c, 2001? Eit utdrag frå ein engelsk stil, også denne om elenda i verda:
 
"You've got to tell them once", God's wife said to Him.

"But I don't want them to know", God answered, "it's bad", He said, "it's really, really bad!"

The children had got to know about the good part of the Earth. But the bad part, all the misery, God didn't want his kids to know about.

God brushed his teeth, did fifty push-ups, and went to bed.
He couldn't sleep. All night, he lay awake, thinking of his kids and planet Earth.

At 7 o'clock, he woke up the children.

"Come on, kids! We are going to the Earth!"

"We are? Wow!" the children shouted out loudly.

God brought out their bikes. He gave the kids their helmets.

"Put these on", He said.

They got on their bikes, and rode towards the Earth.

Zorg's report from planet earth

Av Hanne, 10c, 2002

Zorg has just got home from his misson on planet Earth, and he is talking to his commander. This is his impression of the Earth:

"Oh, what a planet! You should have been there yourself! I've never seen anything more extraordinary!

When I first entered the Earth's atmosphere, it was dark. It seemed like the Earth people had made a big blanket around their planet, a big, black blanket! Then, as I got out of this big cloud, I could see the ocean. It was blue and green...and black! It was as if they had decorated the sea with black shining painting. I also saw birds, seals ans whales bathing in this 'decoration'. What luxury!

On the southern side of the planet, there was this big awful forest, which I believe human-beings didn't like. That's probably why they cut it down and made big factories there instead. Then they could produce this black blanket, and that was much better!

I saw many animals over there! Some of them, I only sas a few of. I guess people didn't like these animals, so they killed them...they were most likely ugly anyway!"

Zorg's commander breaks in:

"But Zorg, don't you think that..."

With Zorg and his eagerness, it's not easy to stop him. He goes on:

"Earth people are real party animals! In some areas, they had really big fireworks. There were planes dropping big rockets that led to explotions and started huge bonfires! Incredible!

And, one day, as I was looking at the big cities, I saw something very interesting: To make their planet even more beautiful , they had decorated the ground with lots of small things in all colours and shapes. It looked a bit like bottles and newspapers, and other things like that...Well, actually...come to think about it...it was bottles and newspapers. And chocolate paper and plastic bags and chewing gum...garbage! Is that good?"

Zorg's commander wriggles himself, and with despair in his voice, he says:

"Zorg...I want you to go back to planet Earth. I want you to look at the same things again, and to think about it. Don't be too positive this time, Zorg!"

Zorg obeys his commander and goes back to the Earth to re-investigate the conditions there. Maybe this time he'll learn that gas- and oil leaks, animal deaths, cutting down the rain forest, killing endangered species, war and garbage pollution aren't good at all...?


Very good! You write well and correctly. 6.

Berre blåbær














Eit par timars arbeid for seks og eit halvt glas blåbærsyltetøy. Snakk om å jobbe for maten. Mmm!

31 juli 2010

Bakken bakst og bringebær














Mamma og eg kan droppe jobb og utdanning. No har vi endeleg funne vårt kall her i verda. Kan eg foreslå "Bakken bakst og bringebær"? Lerum og Nora, ta dykk ein bolle (eller eit ferskt ostehorn, kanskje?).

26 juli 2010

Ferie













Torsdag blei eg ferdig med årets sommarjobb, og i helga har det vore fullt køyr med storebror på besøk. No er kofferten pakka for ein meir enn tre veker lang ferie. Turen går først til mamsen og papsen i Bergen, før vi reiser via Sogndal og heim. Der blir eg heilt til veslebror har blitt gift i midten av august. Men før det skal eg på sommarfesten på Giske til helga, gratis festival! Perfekt for ein summøring. Nokon andre som skal?

25 juli 2010

Andre ting eg har gjort i juli

Vaska både opp og ned
Grilla med Kristine...
...og Ove
Hatt litt problem med vaffeljarnet



Vaska alle skap og skuffer
Gått tur med regnjakka på

23 juli 2010

I juli har eg....

Laga grønsakssuppe med min nye favoritt, rosenkål





Byrja å jogge og konsumert proteinshake med jordbærsmak
Hatt marshmallows til frukost
Hatt besøk og drukke øl
Fått blomar av stesvigermor, og drept dei


Kva har du gjort i juli?


16 juli 2010

Eg treng fagleg rettleiing!

Til hausten er mitt nest siste semester i utdanninga, og mitt siste semester før masteroppgåva. Eg prøver å bestemme meg for kva fag eg skal velge, men ingen av moglegheitene roper umiddelbart "velg meg, Hanne!". Har du teke nokon av desse faga, og kan anbefale (eller ikkje anbefale) noko av dei? Eller kan du kanskje berre seie kva du synst ser mest interessant, lærerikt eller meiningsfylt ut? Eg skal fylle opp 30 stp, og mine alternativ er:

1. Teknologi og vitenskapsstudier 1. Synst det virkar spennande å skrive oppgåve innan enmnet "informasjon, kommunikasjon og kunnskap".

2. Teknologi og vitenskapsstudier 2. Verkar å vere meir retta mot teknologiutvikling, som har vore tema i fleire fag eg har teke tidlegare.

3. Medier, opinion og politisk adferd. Interessant, men eg er ikkje så opplyst innan politikk, og trur ikkje eg rekk å bli det på eitt semester?

4. Medieteknologi. Forstår ikkje heilt kva det går i, men mistenker at det inneber mykje teori om ting eg heller vil lære i praksis.

5. Gruppeprosesser, lagutvikling og deltakelse. Har dog hatt Eksperter i Team, og ser for meg at dette blir samme greia i ny innpakning.

6. Kultur- og mediesosiologi. Redd det blir for mykje analyse av svada (ikkje vondt meint mot sosiologane, altså!)

7. Mediedanning og mediepedagogikk. Born og media er jo ein ting eg kan interessere meg for om eg berre vil?

07 juli 2010

Sol sol...gå din veg?

Eg blir så glad når sola skin. Berre å gå til bussen om morgonen blir kjekkare, og av og til går eg halvtimen heimatt når ho skin, eller tek ein kveldstur i sola seinare. Eg kan også sole meg på ein koseleg benk gøymt bak nokre tre ute på tunet. Eg har berre eitt problem...soleksem.













Små blemmer som hoppar fram på brystkassa etter korte minutt i sola. Er eg heldig kjem dei i panna òg. Raudt, stygt og irriterande. Eg er vel ikkje skapt for å ha brunfarge då, kanskje?

05 juli 2010

Sidan sist har eg...

...fått nye briller.

 











...plukka blomar på vegen heim:













...og hatt besøk av veslebror og soon-to-be-svigersøster (det er det ein kallar ho som giftar seg med bror sin, sant?).













Kva har du gjort sidan sist?

16 juni 2010

Nummer 538

Wæh, dagane går! Eg har jobba i tre dagar no, og er heilt gåen når eg kjem heim om ettermiddagen, trass i at eg stort sett ikkje gjer anna enn å sitte på ein kontorstol og vri hjerna. Veret i Trondheim er ikkje stort å skryte av for tida, så eg og Eirik kosar oss inne på kveldstid. Og der har du story of my life, liksom. Saknar førre veke, sol og Bergen og fantastiske venner.

















Sånn ellers har eg mista blogglysta igjen. Inspirasjon, please?

13 juni 2010

Trondheim - Førde - Bergen - Trondheim

Eg er attende i Trondheim etter heilt fantastiske dagar i både Førde og Bergen. Eg har hatt det så kjekt at eg ikkje orkar å snakke om det eingong. Eg var så sliten då eg kom heim i går ettermiddag, at eg nesten ikkje har gjort anna enn å sove sidan. I kveld skal eg lade opp til morgondagen, då startar eg nemleg i årets sommarjobb. Det blir spennande, for eg har ikkje peiling på kva arbeidet mitt går ut på, men vi kryssar fingrane for at eg får det til, gjer vi ikkje?

03 juni 2010

F to tha erie

Ahh, då er den offisielle delen av sommarferien min i gang. I går hadde vi den avsluttande presentasjonen av forskingsoppdraget - vi gjorde det med stil og hala i land ein toppkarakter. Ubeskriveleg deilig å få god karakter på noko vi har lagt halve sjela vår i denne våren. Ikkje minst er det befriande med tanke på at denne oppgåva tilsvarar ei masteroppgåve, så då veit vi forhåpentlegvis kva det går i når vi skal sette i gong å skrive masteren neste vår. Sommarferien vart feira på NTNU si rekning, med god mat og flotte klassekameratar.














I dag tok eg med meg Eirik til optikaren, for å prøve heile brilleutvalet deira. Valet fall til slutt på eit par som ser litt meir 2010 ut enn dei eg hadde frå før. No gler eg meg faktisk til å bruke briller framover! Små gleder..
Seinare har eg svidd av enda litt fleire pengar hos frisøren, og no er kontoen oppriktig talt tømt. Måtte bruke felleskontoen for å betale frisørtimen..men hei, Eirik har då glede av min nye hårsveis, han óg? La oss seie det slik. No skal eg pakke ned livet mitt i ein koffert, og ta det med på ein laaang busstur til Førde i morgon. Der skal eg leike med vakre Ragnhild, før eg vendar nasa mot Bergen, kor eg skal innlosjere meg hos Åsa i nokre dagar. Kryssar fingrane for minst éin dag med sol!

01 juni 2010

The black book

Sidan fredag har eg hatt notatboka mi som fast følgesvenn. Eg har notert ned nøyaktig kva eg får i meg av mat og drikke. Eg har vegd alt på matvekt, subtrahert, dividert, multiplisert, distrahert (?) og rekna ut nøyaktig kor store mengder eg et av kvar ein bidige ingrediens. Eg har plukka ut kvar enkelt grønnsak frå grønnsakssuppa, vegd tacofyllet og gjort presise målingar av antal gram smør på brødskiva.
































Formålet er ikkje nødvendigvis å hjelpe meg sjølv - men å hjelpe mi kjære, flinke Kristin å førebu seg til eksamen på ernæringsstudiet. Samtidig har det gått opp for meg at dette er noko eg burde ha gjort for lenge sidan. Det eg har funne ut så langt, utan at Kristin enda har gitt meg tilbakemelding, er nemleg at eg til kvardags et altfor lite. Eg har benytta meg av dagsrapport-funksjonen på Vektklubben, slik at eg enklare skal kunne føre inn og halde oversikt over maten. Der får eg automatisk opp kor mange kaloriar eg ligg på, og resultatet viser at eg et for lite til kvardags - eg trudde jo det var heilt omvendt! Rart at eg ikkje berre søv heile dagen, grunna underskot på næring. Eg får satse på at resultata Kristin kjem fram til lovar betre, for ho kjem forhåpentligvis til å klare å gi meg tilbakemelding på vitamininnhald og liknande i kosthaldet mitt. Viss resultata der blir like ille, bør eg kanskje vurdere å bruke sommaren på å lære meg litt om kosthald, trur eg. Nokon andre som har hatt aha-opplevelsar når det gjeld kosthald?

Opp og ned

Lav innsats frå meg her inne i det siste, gitt. Bloggarkivet mitt frå det siste året er ei endelaus berg-og-dalbane, med oppgangstider og nedgangstider i hutt og pine. Vel, det har nok samanheng med at eg gjer lite spennande om dagane. I løpet av den første veka av årets sommarferie har eg sørga for å bruke opp pengane mine på fysioterapi, legeutgifter og synstest. Tippar eg må til undersøkelse på sjukehuset óg, fordi fysioterapeuten ikkje anar kva som feilar meg (han kalte meg eit "mysterium"). Kontoen er snart tømt, verkeleg, men eg får forhåpentlegvis snart både lønn, feriepengar og pengar igjen på skatten, så då ordnar alt seg. Då blir eg rik! Hoho! Neida. Joda.

Ellers var det jo obligatorisk med mgp-fest på laurdag. Ove og Kristine var kjempenydelege:














Dei hadde heilt klart den beste utkledninga (og var vel også dei einaste som hadde kledd seg ut for anledninga). Vi snakkar brunkrem, paljettar og gresk framtoning. Vakkert!

24 mai 2010

Ferie

Ferie byr på nedgangstider for bloggen...igjen. Eg har betre ting å gjere på no, forstår de. Som å vaske, vaske, vaske, vaske og...wait for it...vaske. Så med mindre de ønsker å høyre om dei enorme støvmengdene som gøymer seg i alle krokar i leiligheta, får de vente fint på at eg har noko betre å fortelle om. Ha ei fin veke så lenge!

20 mai 2010

Eksamen

I dag tidleg lada SINTEF-gjengen opp til IT-eksamen med "det store IT-spelet", utvikla av Kristine. Eg vann ein omgang, og konkluderer dermed med at eg kjem til å få toppkarakter på morgondagens eksamen. Etter eit par omgangar bevega vi oss i retning Gløshaugen for å lokalisere eksamenslokala, før vi leverte forskingsrapporten vår til oppdragsgjevar og slappa av med ein is i sola. I kveld forsøker eg å halde på roa ved å sjå på tv og lese minimalt. I morgon klokka 13 har eg (uoffisielt) sommarferie!

19 mai 2010

Hoven

I dag ser eg slik ut:


















Passe hovne augelokk, altså. Det starta på søndag, forsvann (heldigvis) 17.mai, og kom tilbake i går. I dag tidleg fekk eg ikkje opp augene då eg vakna, dei var raude, hovne og samanklistra. Hurra for meg. Såg umiddelbart for meg at nest siste dag før eksamen måtte tilbringast på legevakta, men etter ein halvtime i telefonkø hos fastlegen fekk eg heldigvis ein time litt seinare i dag. I mellomtida forsøker eg å lese litt om teknologiutvikling med eitt auge. Good times.

 
Blogglisten