Hoven
I dag ser eg slik ut:
Passe hovne augelokk, altså. Det starta på søndag, forsvann (heldigvis) 17.mai, og kom tilbake i går. I dag tidleg fekk eg ikkje opp augene då eg vakna, dei var raude, hovne og samanklistra. Hurra for meg. Såg umiddelbart for meg at nest siste dag før eksamen måtte tilbringast på legevakta, men etter ein halvtime i telefonkø hos fastlegen fekk eg heldigvis ein time litt seinare i dag. I mellomtida forsøker eg å lese litt om teknologiutvikling med eitt auge. Good times.


3 kommentarer:
OJ! Men du e fortsatt fager! :)
Ja, ikkje sant? Hovne augelokk er the new shit.
Du ser ut som en deltagar i cannabis cup :*
Legg inn en kommentar