The black book
Sidan fredag har eg hatt notatboka mi som fast følgesvenn. Eg har notert ned nøyaktig kva eg får i meg av mat og drikke. Eg har vegd alt på matvekt, subtrahert, dividert, multiplisert, distrahert (?) og rekna ut nøyaktig kor store mengder eg et av kvar ein bidige ingrediens. Eg har plukka ut kvar enkelt grønnsak frå grønnsakssuppa, vegd tacofyllet og gjort presise målingar av antal gram smør på brødskiva.
Formålet er ikkje nødvendigvis å hjelpe meg sjølv - men å hjelpe mi kjære, flinke Kristin å førebu seg til eksamen på ernæringsstudiet. Samtidig har det gått opp for meg at dette er noko eg burde ha gjort for lenge sidan. Det eg har funne ut så langt, utan at Kristin enda har gitt meg tilbakemelding, er nemleg at eg til kvardags et altfor lite. Eg har benytta meg av dagsrapport-funksjonen på Vektklubben, slik at eg enklare skal kunne føre inn og halde oversikt over maten. Der får eg automatisk opp kor mange kaloriar eg ligg på, og resultatet viser at eg et for lite til kvardags - eg trudde jo det var heilt omvendt! Rart at eg ikkje berre søv heile dagen, grunna underskot på næring. Eg får satse på at resultata Kristin kjem fram til lovar betre, for ho kjem forhåpentligvis til å klare å gi meg tilbakemelding på vitamininnhald og liknande i kosthaldet mitt. Viss resultata der blir like ille, bør eg kanskje vurdere å bruke sommaren på å lære meg litt om kosthald, trur eg. Nokon andre som har hatt aha-opplevelsar når det gjeld kosthald?



1 kommentarer:
Hei igjen Hanne!
Har aldri mált, men skal benytte meg av Vektklubben og se hva resultatet blir. Klem
Legg inn en kommentar