F to tha erie
Ahh, då er den offisielle delen av sommarferien min i gang. I går hadde vi den avsluttande presentasjonen av forskingsoppdraget - vi gjorde det med stil og hala i land ein toppkarakter. Ubeskriveleg deilig å få god karakter på noko vi har lagt halve sjela vår i denne våren. Ikkje minst er det befriande med tanke på at denne oppgåva tilsvarar ei masteroppgåve, så då veit vi forhåpentlegvis kva det går i når vi skal sette i gong å skrive masteren neste vår. Sommarferien vart feira på NTNU si rekning, med god mat og flotte klassekameratar.
I dag tok eg med meg Eirik til optikaren, for å prøve heile brilleutvalet deira. Valet fall til slutt på eit par som ser litt meir 2010 ut enn dei eg hadde frå før. No gler eg meg faktisk til å bruke briller framover! Små gleder..
Seinare har eg svidd av enda litt fleire pengar hos frisøren, og no er kontoen oppriktig talt tømt. Måtte bruke felleskontoen for å betale frisørtimen..men hei, Eirik har då glede av min nye hårsveis, han óg? La oss seie det slik. No skal eg pakke ned livet mitt i ein koffert, og ta det med på ein laaang busstur til Førde i morgon. Der skal eg leike med vakre Ragnhild, før eg vendar nasa mot Bergen, kor eg skal innlosjere meg hos Åsa i nokre dagar. Kryssar fingrane for minst éin dag med sol!



2 kommentarer:
Har meldt bra vêr dit du skal dei nærmaste dagane. Håper det slår til, det fortjener du. God tur!
Gratulerer med resultatet! Kjempebra, men jeg hadde vel ikke forventet noe annet heller ;)))
Ha en fin sommerferie Hanne. Klem
Legg inn en kommentar