01 juni 2010

Opp og ned

Lav innsats frå meg her inne i det siste, gitt. Bloggarkivet mitt frå det siste året er ei endelaus berg-og-dalbane, med oppgangstider og nedgangstider i hutt og pine. Vel, det har nok samanheng med at eg gjer lite spennande om dagane. I løpet av den første veka av årets sommarferie har eg sørga for å bruke opp pengane mine på fysioterapi, legeutgifter og synstest. Tippar eg må til undersøkelse på sjukehuset óg, fordi fysioterapeuten ikkje anar kva som feilar meg (han kalte meg eit "mysterium"). Kontoen er snart tømt, verkeleg, men eg får forhåpentlegvis snart både lønn, feriepengar og pengar igjen på skatten, så då ordnar alt seg. Då blir eg rik! Hoho! Neida. Joda.

Ellers var det jo obligatorisk med mgp-fest på laurdag. Ove og Kristine var kjempenydelege:














Dei hadde heilt klart den beste utkledninga (og var vel også dei einaste som hadde kledd seg ut for anledninga). Vi snakkar brunkrem, paljettar og gresk framtoning. Vakkert!

1 kommentarer:

Kristine sa...

Vakkert er ordet!

 
Blogglisten