Trondheim - Førde - Bergen - Trondheim
Eg er attende i Trondheim etter heilt fantastiske dagar i både Førde og Bergen. Eg har hatt det så kjekt at eg ikkje orkar å snakke om det eingong. Eg var så sliten då eg kom heim i går ettermiddag, at eg nesten ikkje har gjort anna enn å sove sidan. I kveld skal eg lade opp til morgondagen, då startar eg nemleg i årets sommarjobb. Det blir spennande, for eg har ikkje peiling på kva arbeidet mitt går ut på, men vi kryssar fingrane for at eg får det til, gjer vi ikkje?


2 kommentarer:
Joda, vi kryssar fingrane her heime også, sjølv om vi ikkje har nokon grunn til å tru at det ikkje skulle gå bra. Eg er spent på sommarjobben min også. Veit førebels ikkje så mykje om kva eg skal gjere, men håper det også skal gå bra. Drar tysdag til hovudstaden, klar til dyst.
Venter spent på referat!;)
Legg inn en kommentar