16 juli 2010

Eg treng fagleg rettleiing!

Til hausten er mitt nest siste semester i utdanninga, og mitt siste semester før masteroppgåva. Eg prøver å bestemme meg for kva fag eg skal velge, men ingen av moglegheitene roper umiddelbart "velg meg, Hanne!". Har du teke nokon av desse faga, og kan anbefale (eller ikkje anbefale) noko av dei? Eller kan du kanskje berre seie kva du synst ser mest interessant, lærerikt eller meiningsfylt ut? Eg skal fylle opp 30 stp, og mine alternativ er:

1. Teknologi og vitenskapsstudier 1. Synst det virkar spennande å skrive oppgåve innan enmnet "informasjon, kommunikasjon og kunnskap".

2. Teknologi og vitenskapsstudier 2. Verkar å vere meir retta mot teknologiutvikling, som har vore tema i fleire fag eg har teke tidlegare.

3. Medier, opinion og politisk adferd. Interessant, men eg er ikkje så opplyst innan politikk, og trur ikkje eg rekk å bli det på eitt semester?

4. Medieteknologi. Forstår ikkje heilt kva det går i, men mistenker at det inneber mykje teori om ting eg heller vil lære i praksis.

5. Gruppeprosesser, lagutvikling og deltakelse. Har dog hatt Eksperter i Team, og ser for meg at dette blir samme greia i ny innpakning.

6. Kultur- og mediesosiologi. Redd det blir for mykje analyse av svada (ikkje vondt meint mot sosiologane, altså!)

7. Mediedanning og mediepedagogikk. Born og media er jo ein ting eg kan interessere meg for om eg berre vil?

2 kommentarer:

Isabel sa...

EG ville tatt 3, 6 eller 7. Sannsynlegvis 7 for min eigen del, men veit ikkje kva som er mest relevant for deg. :)

Elise sa...

Jeg hadde tatt 3, 5 og 7. Men er vel ganske så ulikt hva man synes er interessant. Egentlig synes jeg alle fagvalgene høres greie ut. Lykke til i valget! :)

 
Blogglisten