07 juli 2010

Sol sol...gå din veg?

Eg blir så glad når sola skin. Berre å gå til bussen om morgonen blir kjekkare, og av og til går eg halvtimen heimatt når ho skin, eller tek ein kveldstur i sola seinare. Eg kan også sole meg på ein koseleg benk gøymt bak nokre tre ute på tunet. Eg har berre eitt problem...soleksem.













Små blemmer som hoppar fram på brystkassa etter korte minutt i sola. Er eg heldig kjem dei i panna òg. Raudt, stygt og irriterande. Eg er vel ikkje skapt for å ha brunfarge då, kanskje?

1 kommentarer:

Ingvill sa...

Å hei, så koselig at du titta innom;)

E e heldigvis ikkje plaga me nokke soleksem, men e klare ikkje å bli brun e heller=p Ende som regel opp me å bli griserosa, altså en blanding mellom grå og rosa.. Derfor finne du me vel heller i skyggen enn midt i solsteika;)

 
Blogglisten